Kleivane Elise, Reproduksjon av norrøne tekstar i seinmellomalderen
Kleivane Elise, Reproduksjon av norrøne tekstar i seinmellomalderen. Variasjon i “Eiríks saga Viðfǫrla”, Thèse de doctorat soutenue en 2011, (dir. J. G. Jørgensen, K.-J. Berge, Université d’Oslo)
I mellomalderen «eigde» ein forfattar ikkje det han skreiv på same måte som han gjer i dag. Når nokon kopierte ein tekst, var det ikkje eit ideal at kopien skulle vere heilt identisk med førelegget. Derimot var det eit ideal at kopien skulle vere ein betre versjon.
I avhandlinga Reproduksjon av norrøne tekstar i seinmellomalderen viser Elise Kleivane korleis skrivarane endra teksten når dei kopierte han. Ho viser òg fleire døme på kva dei gjorde for å tilpasse ein tekst til ein ny samanheng. Resultata viser at dei endra på ord og på stilen, men at innhaldet for det meste blei verande det same. Men små endringar kan likevel få store konsekvensar, og blant anna føre til ideologisk vriding av ein tekst.
Avhandlinga viser korleis éin saga, Eiríks saga víðfǫrla (Sagaen om Eirik den vidfarne), både kunne vere ei spennande forteljing om framande og eksotiske strøk, eit teologisk og kosmologisk lærdomsverk, og ei moralsk oppbyggjeleg forteljing.
Denne avhandlinga er eit lite bidrag til det store biletet av korleis tekstar blir kopierte og formidla vidare, i ulike delar av historia. Resultata er relevante for studium av korleis tekstar blei handsama i mellomalderen både i Norden og andre stader, men resultata viser òg parallellar til handsaming av tekstar i dag, i sær på internett.
OpenEdition vous propose de citer ce billet de la manière suivante :
Rédaction (11 décembre 2014). Kleivane Elise, Reproduksjon av norrøne tekstar i seinmellomalderen. Mondes nordiques et normands médiévaux. Consulté le 18 mai 2025 à l’adresse https://doi.org/10.58079/rij3